Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asfaltarbeid pågår rundt bygda

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2018

I dag kom det ein lastebil frå Mesta med rykande last, og mykje rart utstyr inn i bygda. Med skilting om «Asfaltarbeid» trudde vi kanskje at vi fikk ei positiv overrasking med ny asfalt på Bordholmvegen, men der tok vi grundig feil. Jonny Stakvik kom frå Mesta Frei, og han hadde andre planer.

Da vi fekk kontakt med han nedmed kyrkja var han i gang med å reparere hull og sprekker i asfalten, og det er vel det næraste vi kjem ny asfalt dette året, og kanskje fleire år til?  Men Jonny Stakvik bruka ein metode med flytande varm asfalt og blanda i sand, slik at det blir ein litt meir permanent og holdbar reparasjon samanlikna med reparasjonar med kald oljegrus som delvis er bruka som metode.

Stakvik hadde FV 323, FV 324 og FV 671 på sin arbeidsordre – det vil i praksis seie rundt bygda om Bruset, og i tillegg FV 671 nedover til Todalsøra. Det er nok eit skrikande behov for ny asfalt, både rundt bygda og resten av FV 671 som går frå Todalsøra og utover til Todalskrysset mo FV 670.

Eit av dei mange hola etter vegen rundt bygda før reparasjonen. Foto: Jon Olav Ørsal

Ei blanding av oppvarma asfalt og sand vart bruka til reparasjon – begge deler vart blåst ut gjennom røra i fronten. Foto. Jon Olav Ørsal

Og til slutt vart det pøsa på med sand som sette seg etter kvart som asfaltblanding kjølna. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. april 2018, 10:00