Asfaltarbeidet er i gang på FV670 i Lykkjebygda. Arbeidet har starta frå museet på Åsen, og dei jobbar seg nedover i retning Kvanne. Trafikken forbi anleggsområdet er regulert puljevis – og blir losa forbi med følgebil.
Etter at dei er ferdig i Lykkjebygda går vegen til Todalen og asfaltering av bordholmvegen og nokre stubbar – mellom anna ryktes det at det blir lagt asfalt i Brusetmelan alt i haust.