Torsdag har det pågått asfaltering over dei stikkrennene som er utbetra og fornydd på strekninga frå inner Driva til Bordholmen på RV671. Det er veidekke som har prosjektet med utskifting av stikkrennene, men arbeidet har dei siste par vekene vore utført av J.Reiten. Veidekkes folk forebudde asfalteringa, og eit innleid firma la ny asfalt på over dei stikkrennene som er skifta ut.
Men utbetring av spretthoppen ved Lauvåbrua, og utskifting av nedløpskum og stikkrenne mellom Gammeldstua og Hals på Todalsøra står igjen. Dette blir gjort ved neste korsveg, og det spørs kven som kjem først av Veidekke og vinteren?