Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arve er spent på årets sesong

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juni 2025

Vi starta året som i fjor – men sjølv om vi kan registrere litt mindre interesse for fiske så er ein ny sesong i gang. – På Todalshytta har vi lagt større vekt på mat og matkvalitet, og det har vi lykkes med, seier Arve Evensen som er vertskap på hytta.

Vi har satsa på ein del nye rettar og kan by på spennande smaker som folk setter pris på. Folk har vorte vante med asiatisk mat og vi har veldig god respons når vi arrangerer thaibuffé her på hytta. Da kjem folk bokstaveleg talt frå både fjern og nær for å spise på restauranten. Den asiatiske menyen vi har utvikla er rett og slett ein suksess.

Heimlaga vårrullar smaka bra – foto Jon Olav Ørsal

Folk som har vore her på fiske gjennom ei årrekkje kjem att – år etter år.  Dei seier at det er ikkje berre for fisket, dei  likar elva, og freden og roa som dei opplever her.  Stillhet – elvesøget – fuglesongen.  Da kjem faktisk fangsten i andre rekkje og da blir det viktigast å kose seg og ha det triveleg saman med.

Thaimat er populært – folk liker litt sterk mat – foto Jon Olav Ørsal

Vi har faktisk fleire overnattinga i år enn på same tid i fjor – det kjem stadig fleire «vanlege turistar» som gå korte eller lengre turar og som kosar seg med maten på kveldstid.

Kva skjer med laksefisket?
Arve er spent på bodskapet som kjem frå direktoratet – Det er kanskje dei store elvane som blir taparar – i fjor vart over tretti elvar over heile landet stengt ned – i år blir det kanskje enda fleire. Vi får leve i spenning til vi får høyre kva som skjer. 

Publisert: 15. juni 2025, 16:24