Line Marie Kvendset har sendt oss ein epost frå sidelinja under Todalsdagen. Ho skriv: «Martin, Silje, Karoline, Maren, Edel Therese, Van Adrian, Johan, Ingebrigt og Håkon, med god assistanse frå Henrik og Aron, gjorde ein strålande innsats for laget sitt under Todalsdagen. Alle gjekk heldigvis skadefri frå kampane, men fekk anmerkning frå dommar Nils Ove Bruset ved pause at fleire mangla leggskinn. Trenar/manager og motivator Knut Bergli gjorde som vanleg ein god jobb på sidelinja og gav alle sjansen til å få prøva seg på banen og i mål».
Alle foto: Line Marie Kvendset