Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøtet vel i hamn

Stig Husby Onsdag 13. april 2022

Tirsdag kveld inviterte styret i Todalen Elvaeigarlag til årsmøte i Todalen Ungdomshus. Formann Asbjørn Karlsen hadde kalt inn til vanlege årsmøtesaker, og var kveldens ordstyrar. Todalen Elvaeigarlag legg attom seg eit svært innhaldsrikt og aktivt fjorår, noko som er litt spesielt med tanke på pandemi og koronasituasjon. Asbjørn kunne fortelle at det hadde vore 23 styremøter gjennomført i 2021, og det fortel vel sitt om eit travelt år for styret.

Hovedårsaken til det er prosjektet med samarbeid mellom elvaeigarlaget og Todalshytta om salet av laksefisket i Toåa. Det vart igangsett eit 2 årig prøveprosjekt, som no er halvvegs. I samband med tilrettelegging og opning av fjoråretsesongen har det gått med mange arbeidstimer både for styret og elvaeigarar, fortalte Asbjørn.

2021-sesongen vart svak, og er ein av dei dårlegaste i Toåa nokon gong. Tørt og varmt ver må nok ta skylda for det. Styret har hatt eit tett samarbeid med Veagrd Heggem i Norsk Lakseelver og Helge Dahlen i Elveguiden. Dei har begge levert evalueringsrapport etter første prøveår med ny modell i Toåa. Dei meiner dette er framtidas modell og gir skryt til elveeigarlaget for både planlegging, gjennomføring og involvering av alle elvaeigarar.

F.v. Anders Talgø frå valnemnda og Kristen Bruset. Foto: Stig Husby

Arbeidsplanen for 2022 er også omfattande, og mykje arbeid gjenstår før startskotet for ny sesong går den 15. juni.

Alle årsmøtesaker vart raskt gjennomgått, og kvelden vart avslutta med valg. Formann Asbjørn Karlsen vart attvalgt for 1 år, og han fekk med seg følgande styremedlemmer: Gudmund Hyldbakk, Tove Talgø, Stig Husby og Anton Brusethaug. Varamedlemmer vart Olav Halle og Gudmund Husby.

Todalen Elveeigarlag seier dei kjem tilbake med meir informasjon inn mot sesongopning, og no først sal av fiskekort.

 

Publisert: 13. april 2022, 15:00