I går kveld vart årsmøtet i todalen.no gjennomført i Todalen ungdomshus. Ikkje for fullsett sal akkurat, så dei formelle sakene gjekk rimeleg raskt unna. Leiar Stig Husby gjekk igjennom årsmelding og rekneskapen gjennom det som må seiast å være eit «normalår» for nettstaden. 2018 var ikkje året for dei store aktivitetane utanom den daglege drifta.
Og aktivitet er det med 436 977 besøkjande i 2018 med 850 603 sidevisnigar. Litt ned på antall besøkjande frå året før, men litt opp på antall viste sider i same tidsrom.
Færre personlege medlemmer
Regnskapet viste ved årsslutt eit negativt resultat på -27 873 kroner. Eit fotokurs, nokre færre bedriftsmedlemar og ei betydeleg redusering av personlege medlemmer var med å bidrog til dette. Difor har styret hatt fokus på dette dei første månadane i 2019 med innsalg til 7 nye medlemmer, og fleire på blokka kunne Stig fortelje. -Vi nok jobbe litt ekstra framover for å få inn fleire personlege medlemmer konkluderte han.
Ringvirkningar
Tilbakemeldingar frå årsmøtet var udelt positive til den daglege drifta med jamne og informative oppdateringar; nettsida er miljøskapande for bygda og eit viktig eit «utstillingsvindauge» for dei ulike laga som benyttar seg av medlemskapet mest. Både Todalen Historielag og Todalen sanitetsforening ser at omtalar rundt deira aktivitet gir ringvirkningar for interessa av organisasjonane sine arrangement, fortalte Dordi Jorunn Halle som er engasjert i begge foreningane. -Og da er det kanskje ikkje så rart at begge desse betaler litt ekstra over dei 1800 kronene i året for medlemskapet resonnerte ho.
Årets bilete
Til slutt vart tradisjon tru Årets bilete avslørt. Her er konkurrerer alle månadsvinnarane om den gjeve tittelen. I år var det Kristian Gjeldnes som stakk av med seieren med det fine bildet «Julikveld på Storskarnebbå».
På tampen fekk også Jon Olav Ørsal ein velfortjent takk for sin innsats i som styremedlem sidan oppstarten. Han tok ikkje gjenvalg, og vart difor erstatta av Karin Åsbø som vart innvalgt for to år. Jon Olav fortsett heldig vis som fast leverandør av nyheitssaker for det!
Sett av datoen
Elles var det orientert litt om 10-års jubileumet i august. Dato er 10. august, og styret røper både at deler av underhaldninga er i boks, og at det vil bli ein kjempekveld i Todalen Ungdomshus. I anledninga har Maria Hagerupsen Halle laga ein jubileumslogo som vi kjem til å bruke framover.