Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte på den digitale måten – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mars 2021

Styreleiar I Todalen.no, Stig Husby var nok litt spent på korleis det skulle gå å arrangere årsmøtet på digistalt vis, med møtedeltakarane plassert framfor skjermen på kvar sin PC eller iPad. Men det var ingen grunn til å engste seg, for det gikk fort og grei å koble opp dei 12-13 møtedeltakarane og så var det berre å sette gå i gang med saklista.  Med vanlege årsmøtesaker så gikk både opprop, årsmelding og rekneskap unna i ein fei.

I tur og orden dukka møtedeltakarane opp på skjermen – 12-13 i talet. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets 2020 har nok vore litt spesielt for oss alle, og Todalen.no er ikkje noko unntak i så måte.  For det redaksjonelle mannskape har det nok vore ei utfording å lage nyheitssaker med avlyste arrangement og dermed liten tilgang på lokale nyheiter.  Men det har vore eit stort informasjonsbehov i samband med koronakrisa, som har generert mykje stoff.  Totalt sett har vi klar å halde besøkstala på nettsida på plussida med ei moderat auke i besøkstala slik vi har hatt heilt sia starten med 4.163.000 i og 8,5 mill. sidevisninger så langt, og besøk frå meir eller mindre heile verda – med USA på andreplass etter Noreg. 

På same måte er det med medlemsmassen som og kan vise til stabile tal, med 35 komersielle medlemar og 25 lag og organisasjonar som medlemar – støttemedlemane er også stabile med rundt 240 på lista.  Stabilt er det også på tillitsmannsfronten i Todalen.no.  Stig Husby tok gjenval som leiar, og Bjørn Gunnar Ansnes tok over som styremedlem etter Elinor Bolme som takka av etter å ha sitte som styremedlem sia starten.  Elles vart deg gjenval på Karin Åsbø og Sondre Halset som styredlemar og på Knut Bergli som revisor og Frode Grønmyr som valgkomite. 

Stig viste fram vinnarbiletet og fikk gratulert Ingrid Margrete brokstad som vart vinnar. Foto: Jon Olav Ørsal

Utdeling av årets bilete brukar å vera eit av høgdepunkta på årsmøteet.  Dette var nok litt vanskeleg i år, men leiaren fikk iallfall vist fram vinnarbiletet på skjermen og fikk proklamert at det Ingrid Margrete Brokstad som vinnar.  Konkurransen om månadens bilete som leiar vidare til årets bilete har etter kvart vorte populær, og det er bra deltaking både med bildelevering og stor deltaing i stemmegivninga.  Vi får inn mange flotte bilder som gjer at det er kamp om månadspremiane. 

Siste innslag frå styret var ein presentasjon av aktiviteten på Todalen.no gjennom året – klikk på linken og last ned PDF-dokumentet – og sjå presentasjonen på skjermen!

Styreleiar var etter møtet godt nøgd med gjennomføringa av det digitale årsmøte, men han ga uttrykk for at han sakna den sosiale kontakten og sjølvsagt serveringa av kaffe og bakels med graut etter møtet – det har nok vorte ein god tradisjon.  

Gjennomføringa av det digitale årsmøtet gikk bra, men leiar Stig Husby ga uttrykk for at han sakna kaffekoppen og graut og bakels etter møtet så han var tydeleg på at det var eit mål til neste årsmøte. Foto: Jon Olav Ørsal

Ingrid Margrete brokstad vart ein verdig vinnar av konkurransen om årets bilete for 2020. Premien er eit flott innrama eksemplar av vinnarbiletet.

Først publisert: 18. mars 2021, 22:15 - Sist oppdatert: 19. mars 2021, 09:56