Sanitetsforeninga heldt årsmøte i Todalen sanitetshus tysdag 4. februar; eit 20-tals medlemmer var møtt fram til eit aktivt og godt årsmøte. Årsmelding og rekneskap syner at det er stor aktivitet i foreininga.
Sanitetsforeninga arbeider for å gi gode tilbod lokalt, samstundes som dei er solidariske og støttar prosjekt på landsbasis og internasjonalt!
Årsmeldinga viser at det har vore 11 medlemsmøte, 10 styremøte og 3 arbeidsmøte i 2019, og at foreninga har vore representert på fagdagar, kurs, regionale samlingar og årsmøte både på landsplan og fylkesplan for å få fagleg påfyll og inspirasjon til vidare arbeid heime.
Drifta av Sanitethuset er den største posten både i rekneskapen og budsjettet, men er svært viktig da det gir eldre og andre eit godt tilbod om å bu i lettstelte leigligheiter og slik kan bli buande lenger i heimbygda. Husstyret legg ned stort arbeid for drifta av huset.
Sanitetsforeninga har tilbod til folk i alle aldrar. Lesevengruppa stiller opp for ungane på Todalen oppvekstenter og lagar gode høgtlesingstunder for ungane i barnehagen og på skulen. Gjennom midlar frå Egmont/NKS er det delt ut bokgåver til Oppvekstsenteret.
Så er det arrangert mange ulike tilbod for folk i vaksen og godt vaksen alder: Fredrikkekaffe kvar 3. laurdag, Kløvertur og Rusleturar måndagar, trivelege bordsete med lunsj eller middag. Fotpleie i Sanitetshuset fleire gonger i året.
I samarbeid med dei andre sanitetsforeiningane i kommunen og banken var det temadag for russen i april. Russen får også tilbod om gratis meningokokkvaksine. Mia Landsem heldt to utruleg gode og viktige foredrag om nettbruk for elevane på ungdomsskulen og vidaregåande skule, eit samarbeidsprosjekt for sanaitetsforeningane i kommunen.
Snart er det salg av fastelavnris – midlane som kjem inn her, blir brukte til forskning på kvinnehelse m.a. osteporose, kreft som rammar kvinner, hjartesjukdom blant kvinner osv. I 2020 vil Todalen sanitetsforening støtte to fond:
«Kvinnemedisinsk forskningsfond» og «Forskning til beste for barn og unge».
Før jul samla Sanitesforeninga inn julegåver som vart sendt til Estland – kjærkome for mottakarane. Vidare støttar Todalen sanitetsforening eit kvinneprosjekt i Etiopia – eit land som no har ei sepnnande utvikling.
Økonomien i laget er solid, altså god økonomistyring, og det trengst når laget har stor aktivitet og eit stort hus som heile tida treng opp-pussing og vedlikehald. Leiar Maren Ansnes takka alle som støttar velvillig opp om Todalen sanitetsforening med loddkjøp, gevinstar og anna hjelp!
Til slutt var det val. Styret i Todalen sanitetsforening i 2020 har denne samansetninga: Leiar Maren Ansnes, nesteleiar – Kari Kvendset, kasserar – Ragnhild Ansnes Moe, sekretær – Steffi Bohle, Åse Johanne V. Redalen og Ingrid Pedersen er styremedlemmer. Varamedlemmer til styret: Solveig Glærum og Arndis Søyset. Husstyre: Synnøve Hole Talgø og Anne Helene Teilgård Halset.
Årsmøtet vart avslutta med at leiar Maren Ansnes takka styret, ulike undergrupper og medlemmene for stor innsats og godt arbeid i året som gjekk! «Vi er ei lita forening, men har stor aktivitet og utfører utruleg mykje godt arbeid for mange!», konkluderte Maren.