Todalen sanitetsforening har vore i kontinuerleg drift sidan 1916, det står det respekt av! Foreininga heldt årsmøte tysdag 15. februar med godt oppmøte og presenterte ei årsmelding som viser stor og god aktivitet for året 2021.
Leiar Maren Ansnes ønskte vel møtt til årsmøte. Ho sette pris på godt oppmøte og takka medlemmene for stor og god innsats i arbeidsåret 2021.
Årsmeldinga viser god aktivitet til tross for at også 2021 vart prega av begrensningar på grunn av koronapandemien. Foreininga har 84 medlemmer, og det har vore 7 medlemsmøte, 13 styremøte og 6 arbeidsmøte i 2021.
Aktivitetar og økonomi: Fotpleie, strikkekaffe, kløvertur, sal av fastelavnsris og maiblomster, russeprosjekt, kløverstafett i samband med at Norske kvinners sanitetsforening fylte 125 år, juleblomsterhelsing til eldre todalingar.
Santetsforeninga støttar forsking på kvinnehelse og eit viktig utviklingsprosjekt i Etiopia. I tillegg er foreninga støttespelar til prosjektet «Inn på tunet» som er eit tilbod til personar med demens.
Sanitetsforeininga har god økonomistyring og rekneskapen for 2021 syner eit fint overskott. Det har ikkje vore arrangert tradisjonell basar i året som gjekk, men VIPPS-basaren gav eit riktig så godt resultat. Men det er å håpe at det kan bli tradisjonell basar i 2022 med graut og bakels, åresal og retteleg basarstemning.
Omsorgsberedskapsgruppa har arrangert lunsj og sommarfest med grillmat. Dei har arbeidd med fokus på eigenberedskap dette året. Dei har også delt ut helsingar til barnehage og skule.
Husstyret orienterte om vedlikehaldsarbeid som må utførast på Sanitetshuset, no er det tid for ein del arbeid utvendig etter at det tidlegare år har vore renovering av leiligheitene innvendig.
Årsmøtet vart avslutta med val, og det nye styret er slik:
Leiar MarenAnsnes, nestleiar Kari Kvendset, sekretær Steffi Bohle, kasserar Ragnhild Ansnes Moe, styremedlemmer Solveig Glærum og Åse Ville Redalen. Vararepresentantar: Arndis Søyset og Marit Sanden Søyset. Husstyret: Anne Helene Halset og Synnøve Hole Talgø.
Etter årsmøtet var det medlemsmøtet, i tillegg var det allsong, utlodding og god servering!