Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen.no og utdeling av «årets bilete»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. mai 2024

I går kveld var det årsmøte i Todalen.no i Skulstuå i Todalen. Før det formelle årsmøtet tok til, fekk årsmøtet ei lita historisk orientering om Skulstuå i Todalen ved Ragna Kvendset. Etterpå gjekk dei ti frammøtte over til den formelle delen av årsmøtet. 

Godkjenning av innkalling, sakliste vart samrøystes godkjent av årsmøtet. Ragna Kvendset og Stig Husby vart valt til å signera årsmøteprotokollen. 

Første årsmøtesak var årsmelding frå styret. Det viser at aktiviteten i Todalen.no har vore på det jamne i 2023, Todalen. har i 2023 hatt 33 kormersielle medlemmar, 29 lag og foreiningar og 263 støttemedlemmar. Årsmøtet godkjente samrøystes styret si framlagte årsmelding for 2023. 

Rekneskapen for 2023 viste eit lite underskot. Todalen.no sin balanse viser at Todalen.no har ein solid økonomi, sjølv om det i 2023 altså vart eit lite underskot. Rekneskapen for 2023 vart samrøystes godkjent. 

Medlemskontingenten for 2025 var neste sak på saklista. Styret hadde innstilt på uendra satsar også for 2025, men etter forslag frå årsmøtet vart kontingenten for komersielle medlemmar og for lag og foreiningar auka med 200 kroner. Dei nye satsane vart samrøystes vedtekne og blir for 2025 som følger:

  • Komersielle medlemmar kroner 3 000
  • Lag og foreiningar kroner 2 000
  • Støttemedlemmar kroner 200

Eg vil oppfordre lag og foreninger som brukar Todalen.no mykje i informasjonssamanheng til å inngå avtale om høgare årleg bidrag, sa Elinor Bolme, som er leiar i Todalen Idrettslag. – Todalen Idrettslag, Todalen sanitetsforening og Todalen historielag er lag og foreninger som allereie gjer dette, og brukar Todalen.no aktivt, la ho til.  

Årsmøtet behandla styret sitt forslag til nye vedtekter. Foto: B G Ansnes

Styret la fram forslag til nokre små endringar av vedtektene for å tilpasse desse til standardar, og desse vart samrøystes vedteke av årsmøtet. 

Valnemnda hadde hatt ein lett jobb i år, da ingen i styret hadde sagt frå seg verv, og det vart attval på alle postar. Styret i Todalen.no for 2024 ser da slik ut:

  • Leiar: Stig Husby (for 1 år) 
  • Kasserar: Sondre Halset (ikkje på val)
  • Styremedlem: Mali S. Brøndbo (valt for 2 år)
  • Styremedlem: Emil H. Ansnes (valt for 2 år)
  • Styremedlem: Karin Åsbø (ikkje på val)
  • Styremedlem: Bjørn Gunnar Ansnes (ikkje på val)

Årsmøtet fekk også presentert trafikkstatistikken, altså besøk på nettsida for 2023. Den viser at lesartala for Todalen.no  er jamn og ligg på godt over 300 000 besøk årleg. Det er gode tal for ei lita nettside. 

Det vart servert kaffe og lefser, og under kaffen vart den gjeve prisen «årets bilete» delt ut. Vinnaren får vinnarbiletet forstørra og rama inn. Stig Husby stod for utdelinga av «årets bilete», og Elinor Bolme vart ein verdig vinnar med sitt bilete «Todalen klar for ny dag», som også vart kåra til «månadens bilete» i februar 2023. Vi gratulerer Elinor som vinnar! 

 

Publisert: 11. mai 2024, 07:03