Med vanlege årsmøtesaker på agendaen og leiar Stig Husby som ordstyrar gikk årsmøtet i Todalen.no kjapt unna. For andre år på rad har nettstaden eit negativ resultat, men det er ikkje nokon fare på ferde, seier leiaren. No tek styret grep for å snu denne trenden.
Omstrukturering i mediabransjen har gjort at det har vært naudsynt å ta grep dei fleste mediabedriftene for å tilpasse kostnadsnivået til driftsinntektene. For Todalen.no er nok løysinga ein liten prisoppgang, samt å skaffe fleire medlemar, både lag, organisasjonar og bedrifter. I tillegg er det «plass til» betydeleg fleire private støttemedlemar, der det er satsa på ein frivillig kontingent for å lese lokale nyheiter. Dette er iallfall ting som styret må jobbe aktivt med, for å finne løysing på. Valet var også fort unnagjort. Stig Husby tok attval som styreleiar, og attval vart det også for dei andre postane som var på val.
I ein presentasjon kunne årsmøtet følgje utviklinga i Todalen.no – både frå starten i 2009 og for 2017. Frå den spede start med rundt 25.000 besøkande i 2009 har besøkstala auka til 438.000 i 2017. I denne perioden har nettsida har besøk av heile 433 000 unike besøkande og totalt 2,8 mill. besøk.
Dei fleste besøka på sida kjem nok frå Norge, med heile 92,5 %. Men Todalen.no har også mange lesarar i utlandet, der USA er største nasjon med Nederland, Spania og Sverige på dei neste plassane. Elles kan vi nemne at heile 59% av trafikken kjem over mobile (smarttelefonar og nettbrett) einingar i 2017 – i start året var dette til samanlikning 0,1 %.
På årsmøtet var det også presentasjon av vinnarbiletet for Årets bilete. I 2017 var det Randi Helene Husby med «Snart kommer sola» som gikk heilt til topps i konkurransen om dagens bilete. Randi Helene var ikkje til stades på møtet, men vil få premien som er ei innramma forstørring av vinnarbiletet.