Tysdag 14. mars er det tid for årsmøte i Todalen.no. Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.30, og det er sendt ut innkalling til medlemane i foreninga, som er lag, organisasjonar og bedrifter i nærområdet. Velkomne til årsmøtet er også våre støttemedlemmar som har tegna personleg medlemskap.
Den føreløpige saklista ser slik ut:
1. Godkjenning av innkalling
2. Godkjenning av styrets forslag til årsrekneskap og årsmelding.
3. Medlemskontingent for 2018
4. Valg:
– Ein representant til å signere møteprotokoll
– Styreleiar for eit år
– 3 styremedlemar for to år
– revisor for 2017
– medlem til valkomitén for 2 år
4. Behandling av sak(er) som medlemar krev å få behandla.
5. Gjennomgang av statistikk og orientering om små og store hendelser i 2016 samt utdeling av «Årets bilete 2016″
Dersom nokon av medlemane i foreninga har eigne saker dei ønsker å ta opp, f. eks forslag på nye styremedlemmer, må dette være styret i hende så snart som mogleg. Fullstendig saksliste blir offentliggjort på www.todalen.no seinast dagen før årsmøtet.