Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2016

Tysdag 8. mars er det tid for årsmøte i Todalen.no.  Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.30, og det blir denne veka sendt ut innkalling til medlemane eller «eigarane», som er lag og organisasjonar og bedrifter i nærområdet. Velkomne til årsmøtet er også våre støttemedlemar. Todalen.no er framleis i framgang når det gjeld lesartal – i 2015 hadde vi 422.000 besøk på nettsida og har auka lesartala jamt og trutt sia starten i august 2009, og ser ut til å halde fram også i 2016.

Den føreløpige saklista ser slik ut:
1.  Godkjenning av innkalling
2.  Godkjenning av styrets forslag til årsrekneskap og årsmelding.
3.  Valg:
– Ein representant til å signere møteprotokoll
– Styreleiar for eit år
– 2 styremedlemar for to år
– revisor for 2016
– medlem til valkomitén for 2 år
4.  Behandling av sak(er) som medlemar krev å få behandla.

Dersom nokon av medlemane i foreninga har eigne saker dei ønsker å ta opp, f. eks forslag på nye styremedlemmer, må dette være styret i hende seinast ei veke før årsmøtet.

 

Først publisert: 6. mars 2016, 21:09 - Sist oppdatert: 7. mars 2016, 22:11