Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 20. mars 2024

Historielaget heldt årsmøte i Ungdomshuset tysdag 19. mars med godt oppmøte.

Etter at årsmøtet var formelt sett, la skrivar Inger Johanne Iversen fram årsmeldinga for 2023. Årsmeldinga syner at laget har hatt god aktivitet gjennom heile året.

Frå årsmeldinga:

-Styret har hatt tre møte.

-Laget har ca. 200 medlemmer.

-19. februar. Ettermiddagskaffe med bildekviss og utlodding.

-10. juni arrangerte historielaget kulturvandring ved Talgø og Vestrum. Stort oppmøte.

-8. juli. Tur til Bud i samarbeid med Stangvik historielag. Kystfortet Ergan, Melby Snekkerverksted. Interessant og vellykka dag.

-10. november: Bokslepp.

-Halsesamlinga er flytta til Ungdomshuset. Ho er no på «loftet» bak galleriet.

-Rekneskapen syner eit underskott på 15 800 kroner. Kontingenten for 2024 var vedteken på årsmøtet i 2023: 250 kroner for medlem og 300 kroner for familiemedlemskap.

Innkomne forslag:

Frå Ragnhild Ansnes Moe var det sett fram forslag om at historielaget må vidareføre det viktige arbeidet med å sette opp namnseskilt på stader, vegar og stigar. Årsmøtet slutta seg samrøystes til dette.

Styret i historielaget ved møtebordet på Halserommet. Frå venstre: Sven Olav Svinvik, Ragnar Halle, John Moe, Knut Halset, Åse VIlle Redalen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Valg

Ingen hadde sagt frå seg verva sine, så valgnemnda hadde ein svært så enkel jobb. John Moe held fram som leiar, Ragnar Halle er nestleiar, Sven Olav Svinvik er kasserar og Inger Johanne Iversen er skrivar og Sissel Halset Storslett styremedlem. Knut Halset og Åse Ville Redalen er varamedlemer.

Etter at årsmøtet var heva, vart det servert retteleg god kveldsmat.

Åse Ville Redalen og Knut Halset stod for serveringa. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Til slutt orienterte John Moe om aktuelle saker:

Laurdag 25.juni blir det kulturvandring i Svinvika. Torsdag 4. juli blir det busstur til Smøla med guide frå Nordmørsmusea. Det er planlagt besøk på Rossvoll prestegard, Myrmuseet og Sanden på Veidholmen. Bussturen er i samarbeid med Stangvik historielag.

Fleire bilete:

Rundt borda: Anders Todalshaug, May-Elisabeth Holten, Jorunn Husby, Marit Sanden Søyset, Anders Halset, Trygve Halle, Jon Olav Ørsal, Jon Bruset, Sven Olav Svinvk. Foto: Dordi Jorunn Halle.

John Moe ved skrivebordet til Leif Halse. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 20. mars 2024, 16:32