Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2020

Det blir årsmøte i Todalen historielag tysdag 16. juni kl. 19.30 i Ungodmshuset. Vanlege årsmøtesaker, og skannarpatrulja viser bilete frå arkivet.

Årsmøtet var planlagt arrangert tysdag 24. mars, men utsett p.g.a. koronapandemien. 

Her er saklista:

ÅRSMØTE I TODALEN HISTORIELAG

Tid: Tysdag 16. juni 2020 kl. 19:30

Stad: Todalen ungdomshus

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av ordstyrar
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Kontingent
  6. Innkomne saker
  7. Val

Etter årsmøtet er heva, blir det orientering om arrangement framover året og anna arbeid i historielaget.

Skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, viser bilete frå fotoarkivet til historielaget etter pausen. Dei har mange godbitar å vise fram!

VEL MØTT TIL ÅRSMØTE!

 

Publisert: 27. mai 2020, 08:55