Todalen historielag melder at det blir årsmøte i Ungdomshuset tysdag 20. mars 2018 kl. 19.30.
Det blir vanlege årsmøtesaker.
Viss ein vil melde inn saker til årsmøtet, må ein gjere det til leiar John Moe innan 13. mars. e-post: john.moe@talgo.no
Tillitsvalde som vil seie frå seg verv, må gjere det skriftleg innan 13. mars til valnemnda v/ Kristian Gjeldnes – e-post: kristian.gjeldnes@gmail.com eller Ola Bruset – e-post: bruset@svorka.net
Etter årsmøtet er heva, blir det orientering om arrangement framover året og om anna arbeid i historielaget.
Skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, viser bilete frå fotoarkivet til historielaget. Dei har mange godbitar å vise fram!
I pausen blir det servert kveldsmat.
Vel møtt til årsmøte!