Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen Elveeigarlag – klare for ein spennande sesong

Jon Olav Ørsal Fredag 26. april 2024

Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Elveeigarlag. 13 grunneigarar møtte, 3 av dei digitalt i flotte møteromsfasiliteter på Gammelfabrikken.  Leiar Stig Husby var møteleder – Stig orienterte i si årsmelding om eit svært aktivt arbeidsår for styret i laget, med mange styremøter og arbeidsmøter, og mange dugnadstimer lagt ned både for styret og grunneigarar.

Todalen Elveeigarlag deltok på fagsamling på Gardermoen i starten av april, der prosjektet med utvida fiskesesong og større ansvar til forvaltningslaget vart diskutert. Her får vi god hjelp og rådgivning frå Norske Lakseelver, fortel Stig Husby. – No skal fleire elver inn i det samme prosjektet vi var med på i 2023, fortel han. Foto: Torfinn Evensen

Elveeigarlaget har vore godt representert på fagsamlinger i regi av Norske Lakseelver, og vart som einaste elv i Norge i 2023 med i et prosjekt der det vart utreda muligheiter for å forlenge fiskesesongen, utan at det skal medføre økt risiko for overbeskatning av fiskebestanden. – Vi valgte å være i forkant, og ta dei utfordringene vi har i elva på største alvor, fortel Stig. Vi arbeidde godt med søknaden, og vi fekk den innvilga no i april, fortel han.

I 2023 har vi satt Toåa skikkelig på kartet, fortel han, – vi både lærer mykje og finn inspirasjon til vidare arbeid på desse samlingane.  Toåa har på samme måte som fleire lakseelver utfordringer med bestandsmål, og vi i elveeigarlaget tek på oss eit større ansvar for forvaltning av elva no i 2024 sesongen. Det kjem nye regler vi må forhalde oss til, og desse ville ha kommet sjølv utan dette prosjektet vi er med på, seier Stig.

Nokre grunneigarar deltok digitalt, og Todalen Elveeigarlag bruker ofte Teams til å gjennomføre sine møter. Foto: Stig Husby.

Nytt for 2024:

  • Alle som fisker i elva må registrere seg digitalt
  • Total holaksfredning heile sesongen
  • Kvote på maks 30 hannlaks for heile sesongen
  • Endringer i fiskereglene
  • Økt krav til fiskeoppsyn og rapportering
  • Regulering av fisketider med ein ny modell. Skal kombinere salg av eksklusive fiskepakker, fiskekort og grunneigarfiske.

Det gjenstår ein del arbeid for styret for å få alt dette klart til sesongstart, og vi vil informere meir i et medlemsmøte før sesongstart.  Viktig å arbeide for å samle alle grunneigarar i ei felles utleieordning vidare, det vi har fått til i Toåa er ganske unikt i landsmålestokk, fortel Stig.

No utvidar laget samarbeidet med Todalshytta, som kjøper ut ein god del meir av sesongen i år, og vi tenker langsiktig i samarbeidet med Todalshytta.  Vi må arbeide i felleskap for å trekke fleire besøkande til bygda, fleire fiskarar i elva er berre positivt for alle parter, sier Stig.

Stig Husby tok gjenvalg som leiar i Todalen Elveeigarlag, og fortalte om eit svært aktivt år for forvaltningslaget i si årsmelding til årsmøtet. Foto Lediard

Årsmøtet var avslutta med valg, og det nye styret i elveeigarlaget ser no slik ut:
Leiar:   Stig Husby
Styremedlemmer:
Kristen Bruset
Ola Dalsegg
Kristen Ørsal
Bjørnar Kalseth (NY)
Vara:
Ståle Ansnes
Gudmund Husby
Som fagsjef og adminressurs til styret tok Tove Talgø Brøndbo gjenvalg for nytt år. Det er vi svært glade for, Tove har massevis av kunnskap og erfaring fra fleire år i styret, og er ein uvurderleg ressurs å ha med oss videre no, avslutter Stig.

Publisert: 26. april 2024, 08:30