Heimbygdlaget arrangerte årsmøte måndag 10. mars på Hammerstuene.
Leiaren i Heimbygdlaget ønskte vel møtt før han overlet scena til kveldens trubadur Gøran Bolme. Gøran underheldt med kåseri og song sjølvskrivne viser. Kåseriet var muntert og tok for seg litt av kvart. Skavankar var eit ord som var mykje brukt i gamle dagar; og i følge kåsøren vart det fleire skavankar di lenger opp i dalføret ein kom…….Døme på ein slik «skavank» er kronisk nasedrope! Oppe i Øvre Surnadal går det også treigt med å ta i bruk nye trendar; slengbrøker som var på moten for sju år sidan, har no nådd Øverbygda – akkurat i rett tid, for no er slengbrøker in igjen i motebiletet!
Første sak var gjennomgang av årsmeldinga. Aktiviteten i 2024 har ikkje vore så stor, men laget har vore medhjelparar under forfattarseminar i Stangvika, nordmørsturneen til Hjeltnes og Eide med «Fosse for dumskallar». Heimbygdlaget har ansvaret for diktmønstringa for barn under Vårsøghelga.
Rindal Heimbygdlag er lagt ned, og medlemmer derifrå er overførte til Surnadal Heimbygdlag. I løpet av 2025 er det ønske om at Heimbygdlaget legg eit arrangement til Rindal.
Heimbygdlaget har bøker til salgs som «Ord te gagns», «Ville blomstar», «Haustferd» med fleire. Boksalget er god inntektskjelde. Sverre Hatle er ansvarleg for boksalet.
Surnadal Heimbygdlag har 60 medlemmer, akkurat like mange medlemmer som i 2023. Rekneskapen syner eit lite overskott.
Styret i «Heimbygdlaget» for 2025 er: Leiar Gerd Ingrid Kvndset, nestleiar Svein Sæter, skrivar Eivind Hasle, styremedlemmer er Leif Roar Bævre og Eirik Endesson Klinge. Varamedlemmer: Jorid Aarvåg og Olav Bergheim.
Evind Halse hadde «Ord for for dagen» med tittelen «Krig og språk», – interessant.
Dessverre var ikkje oppmøtet det beste, her hadde det vore rom for mange fleire. Årsmøtet vart avslutta med riktig god middag.