Surnadal heimbygdlag melder at laget skal ha årsmøte 26. februar kl. 19.00.
Dei skriv:
Gode medlemmar og interesserte!
Det er tid for årsmøte i Heimbygdlaget igjen – og vi ønsker oss godt frammøte på Thon Hotel Surnadal 26/2!
Om nokon har saker eller framlegg dei vil ta opp, må dei ta kontakt med styret snarast!
Spesielt ønsker vi å ha eit godt frammøte, både til dei vanlege årsmøtesakene, men også for å orientere m.a. om fylkesårsmøtet i Nordmøre Mållag som vi er vertskap for i år.
Og ta gjerne med vener eller kjente som kunne tenkast å vere interesserte i arbeidet vårt!
Her er plakaten:
ÅRSMØTE for
SURNADAL HEIMBYGDLAG
på Thon Hotel Surnadal
onsdag 26.februar 2020 kl 1900
«Ord for dagen»
Vanlege årsmøtesaker
Orientering om fylkesårsmøtet
Kaffe og kake
Kulturinnslag
Alle vel møtt!