Stangvik historielag gjennomførte årsmøtet sitt på Hammerstuene i går kveld. Leiar i historielaget, Einar Grønnes, kunne ønske rundt tjue medlemmer velkomne til årsmøtet. Årsmelding, Rekneskap og budsjett vart i tur og orden samrøystes vedteke. Siste sak på årsmøtet var val. Valkomiteen sin leiar, Magne Hansen, hadde teke kontakt med alle tillitsvalte som var på val for 2023, og alle tok attval, så valet vart fort unnagjort.
Det vil seie at styret og for 2023 er sammensett slik:
- Einar Grønnes, leiar
- Marit Haugen, nestleiar
- Lars Gudmund Røen, kasserar
- Erling Myrbostad, sekretær
- Rolf Smisettfoss, styremedle
- Varamedlemmer til styret er Torbjørn Polden og Anny Haugen.
Nytt av året var val på to personar til å ha oppsyn med den nyrestaurerte Steinaløa og stiane som er merka dit. Til denne jobben hadde Magne funne:
- Bjarne Holten og Sverre Ranes
Alle vala vart gjort samrøystes.
Årsmøtet diskuterte også aktivitetsplan for 2023. Der vart kom det mellom anna forslag om å kontakte Todalen historielag om felles busstur til Bud?. Forslag på dato her var 1. eller 8. juli.
I tillegg var det forslag på om å «ta en titt» på museet på Åsen, og den tradisjonelle Årnesdagen, der Gamle Stangvik Turlag er hovudarrangør. Styret vil arbeide vidare med aktivitetsplana og fastsette datoar med meire.
Steinløa oppi Svarrafjellet på Østbødalssida er no ferdig restaurert, stiane dit, og vidare til Svarrafjellet er rydda og ferdigmerka. For arbeidet som er gjort her, hadde styret i laget kome fram til at dei ville gje alle som hadde vore med, i tillegg dei to grunneigarane, ei lita «påskjønning», ved å be dei til middagen i samband med årsmøtet, samt å gje dei kvar sitt innramma bilete av løa, som eit lite minne om dugnadsarbeidet.
Før utdelinga viste Bjarne Holten, som har vore «primus motor», bilete og orienterte om arbeidet som er gjort med steinløa – frå «steindungen» som var utgangspunktet for arbeidet, og frå dugnadsarbeidet fram til løa ser ut som ho no gjer. – her er det lagt ned mange dugnadstimar!
I tillegg til det «synlege» arbeidet, så ligg det ikkje få «vendingar» med «papirarbeid» og anna attom eit slikt prosjekt. Her nemnde Bjarne at han hadde hatt god hjelp, av mellom andre, Erling Myrbostad til skriving av til dømes søknadar. Av dei tretten som hadde vore med på dugnadsarbeidet, var det seks som møtte på årsmøtet og fekk overrekt kvar sitt innramma «minne-plakett» av laget sin leiar, Einar Grønnes. Dei kan vera stolte av resultatet og av arbeidet som er gjort her!
Årsmøtet vart avslutt med middag, dessert og kaffe – som vanleg god mat på Hammerstuene!
Takk til Marit Haugen for informasjon og bilete frå årsmøtet til Stangvik historielag.