Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Sanitetsforeninga – Sigrun Ørsal ny æresmedlem

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. februar 2017

Måndag 6. februar heldt Todalen sanitetsforening årsmøte med riktig godt oppmøte. Der vart det delt ut heider til Sigrun Margrete Ørsal som vart utnemnd til æresmedlem i Todalen sanitetsforening. Ho fekk diplom, rosande ord og stor takk for framifrå innsats frå leiaren i sanitetsforeninga, Maren Ansnes. Sigrun har vore trufast medlem i sanitetsforeninga i over 40 år, og av dei over tjue år som kasserar. Ho var også med i byggenemnda for Sanitetshuset.

Godt oppmøte på årsmøtet til Todalen sanitetsforening. To heilt nye medlemmer møtte, og to gjester frå Surnadal sanitetsforening – dei var «observatørar».  Foto: Dordi J H

Årsmelding og rekneskap syner at Todalen sanitetsforening også i 2016 har hatt stor og variert aktivitet. I årsmeldinga kan vi mellom anna lese om desse tiltaka:

  • Stor feiring av 100-årsjubileet sitt i Ungdomshuset 9. april.
  • To av bustadene i Sanitetshuset er renoverte med nye kjøkken, nye golv, måla vegger osb.
  • Fadder for ei sanitetsforening i Bahir Dar i Etiopia.
  • Fokus på tiltak mellom barn og unge med tema som mobbing, kroppshysteri og skjønnhetstyranni.
  • «Aksjon Russ 2016» – arbeid for å støtte opp om ei trygg russetid.
  • Oppstart av prosjekt i lag med helsesøster for å gi avgangselevane ved SVGS tilbod om gratis meningokokkvaksine. Vaksinen kostar 400 kr pr elev.
  • «Raud knapp-kampanjen» – stopp vald mot kvinner – held fram i 2017, og.
  • «Fredrikkekaffe» i Sanitetshuset om lag tredje kvar veke.
  • Støtte til Estland med klesinnsamling og julegåver.

Mange av prosjekta er i samarbeid med andre som skular, andre lag i bygda, kommunale instansar, andre sanitetsforeiningar osb. I tillegg er lokalt næringsliv flinke til å støtte opp økonomisk om ymse tiltak.

Tillitsvalde for 2017. Frå venstre: Ragnhild Ansnes Moe, Åse Ville Redalen, Elinor Bolme, Maren Ansnes, Kari Kvendset, May-Elisabeth Holten, Kristine Saksen Ulvund og Jorunn Ørsal. Foto: Dordi J H

Rekneskapen syner at Sanitetsforeninga i 2016 har bruka ca. 234000 kr for å pusse opp leiligheiter i Sanitetshuset, og budsjettet viser at det er planlagt å fullføre dette prosjektet med ein kostnad på ca. 200 000 kroner. Dette er store kostnader og driftsresultatet for 2016 var negativt, men foreninga har heldigvis oppsparte midlar. Sanitetsforeninga får også god hjelp frå bygda som støttar godt opp om basar, kunstlotteri, fastelavnsrissalg osb.

Talet på  medlemer i Todalen sanitetsforening har auka med ca. 20 i 2016, så ved årsskiftet var medlemstalet 80! Det er riktig bra!

Etter valet er desse tillitsvalde i Todalen sanitetsforening:

Leiar: Maren Ansnes, nestleiar: Kari Kvendset, sekretær: May-Elisabeth Holten, kasserar: Ragnhild Ansnes Moe, styremedlemer: Åse Ville Redalen og Elinor Bolme. Varamedlemer: Jorunn Gislaug Ørsal og Kristine Saksen Ulvund.

Marit Sanden Søyset ( til venstre) og Anne Helene Teilgård Halset er styret for Sanitetshuset. Foto: Dordi J H

Anne Helene Teilgård Halset og Marit Sanden Søyset er husstyre og har ansvar for mellom anna utleige av Sanitetshuset.

Omsorgsberedskapsgruppa har eit styre på fem personar. I 2016 har dei servert treretters middag med sosialt samvær for «godt vaksne todalingar» to gonger – riktig populært tiltak. I tillegg har dei arrangert førstehjelpskurs og delteke på stand i lag med lokalt brannmannskap på brannverndagen i september.

Leiargruppa for omsorgsberedskap er: Jorunn Gislaug Ørsal, May-Elisabeth Holten, Åse Ville Redalen, Karen Johanne Talgø og Steffi Bohle.

Leiargruppa for omsorgsberedskap. Frå venstre: Åse Ville Redalen, Jorunn Gislaug Ørsal, May-Elisabeth Holten og Steffi Bohle. Foto: Dordi J H

No framover er det tid for Sanitetsforeninga til å ordne seg til fastelavn med binding av lerkehjarte og laging av fastelavnsris. Laurdag 25. februar blir det høve til å kjøpe pynt til fastelavn ved Matkroken, og det blir servering av bollar og kakao.

 

Publisert: 7. februar 2017, 02:13