Nordvik grendalag arrangerte årsmøte i Nordvik forsamlingshus tysdag 28. februar.
Det vart ein interessant årsmøtekveld som starta med informasjon om Todalsfjordprosjektet AS. Både styreleiar Lars Inge Kvande og dagleg leiar Trond Skogseth deltok på møtet. Dei orienterte om det som foregår i prosjektet og om planane framover.
Etterpå var det ordinært årsmøte med gjennomgang av årsmelding og rekneskap for 2022.
Deretter var det valg, og det nye styret ser slik ut:
Leiar: Ola J. Nordvik
Nestleiar: Kristoffer Brøske Nordvik
Kasserar: Fay J. Mossing
Sekretær: Tonje Kristin Vikan
Styremedlem: Kenneth Sæterbø
Mange takk til Tonje Kristin Vikan for informasjon og bilete.