Onsdag 16.juni var det årsmøte i Nordvik Båtforening i Nordvik forsamlingshus. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det ei orientering om planene for ny småbåthamn, som er planlagt nedanfor hyttefeltet på Øygarden.
Styret i båtforeninga pressenterte dei foreløpige planene og framdriftsplana for den nye småbåthamna. Årsmøtet gav si fulle tilslutning til planene og fremdriftsplana som ligg føre.
Valet gav følgjande resultat:
- Leiar: Per P. Gjeldnes, gjenvalt for 1 år
- Nestleiar: Per E. Gjeldnes, gjenvalt for 2 år
- Kasserar: John Narve Bugge, gjenvalt for 2 år
- Sekretær: Magnar Førde, ny for 1 år
- Styremedlem: Åsgeir Frydenlund, ny for 1 år
- 1.vara: Ivar Vikan, ny for 2 år
- 2.vara: Torleif Åheim, ny for 1 år
- Revisor: Sven Olav Svinvik, gjenvalt for 2 år og Jostein Kvendset, ny for 1 år
- Valkomite: Palmer Vikan, gjenvalt for 2 år og Tor Rune Polden, gjenvalt for 1 år
Etter den formelle delen av årsmøtet, vart det servert kaffe og twist.