Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årsmøtet unnagjort

Årsmøtet unnagjort

Elinor Bolme Laurdag 19. mars 2011

19 personar møtte i går kveld til årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen Ungdomshus. Leiar Nils Ove Bruset ønska dei frammøtte velkomne, før valgt møteleiar John Moe tok over.

Todalen Idrettslag har om lag 220 betalande medlemmar, og gjekk også i 2010 med overskot på vel 230 000 kroner. Dette  mykje på grunn av Todalsdagen som fotballgruppa arrangerer. Fotballgruppa er ut i frå dei ulike gruppene sine årsmeldingar også den mest aktive undergruppa i laget, med både 17. mai frokost, 3.dagsfest, og nevnte Todalsdag.

Årsmeldingar, regnskap og budsjett vart samrøystes godkjent. Her var det ingen store endringar frå sist år, då to av prosjekta som eigentleg skulle ha vore oppstarta i 2010, hadde vorte utsett til 2011. Dette var igangsetting av den nye lysløypetrasseen på Tjønnmyran til anslagsvis 1 000 000 kroner, og opprusting av sanitæranlegget i Ungdomshuset. Årsmøtet vedtok å bevilge 300 000 kroner til eigenkapital lysløypa, der resten av finansieringa vil gå via fylkets spelemidlar i og med at dette blir eit nærmiljøanlegg. Anslagsvis 600 000 kroner. John Moe som også sitt som leiar for Ungdomshuset, bekrefta at oppstarten av restaureringa vil bli i løpet av våren/sommaren. Her vil snikkarar bli innleigd til å skifte ut samtlege dører, samt å oppgradere sanitæranlegget.

Ellers hadde styret forslag i budsjettet på å auke sin medlemskontigent hos todalen.no. Dette vart grunngjeve med at nettsida gjorde stor nytte som informasjonskanal for idrettslaget. Forslaget vart samrøystes vedteke, og redaksjonen og styret i todalen.no takkar så mykje for gavmildheita!

Leiar i valgkomiteen; Jon Bruset losa oss gjennom valget, der det var ein del utskiftingar. Her finn du den komplette lista over alle verva: VERV I TODALEN IDRETTSLAG 2011

Under nokre bileter frå møtet. Alle foto: Elinor Bolme

Publisert: 19. mars 2011, 01:01