Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og Ragnhild) vise lysbilete av gamle passfoto frå krigens dager, da alt folk i bygda måtte ta passfoto for å bruke i identitetkorta sine. Ein del av desse bileta har kome historielaget i hende og er altså no skanna og digitalisert. Elles vil historielaget orientere om arbeidet med nytt årsskrift og jubileumsskrift for Todalen kyrkje som feirar 150-årsjubileum i år. Det blir servering av tradisjonell kveldsmat. Sjå plakaten her!