I skrivande stund er det 13,9 kuldegrader ute, og det ligg nok godt tilrette for at det kan bli enda kaldare i løpet av natta. Yr.no melder 10 kuldegrader for Todalen, både i natt og utover laurdagen. Så skal det bli litt mildare utover søndagen, men det er faktisk meld kaldvêr heile den komande 10-dagersperioden. Kl 20 i kveld var det -14,7 på gradstokken oppå Storfossen, medan det i Innerdalen er -16,6 grader – og det er sikkert andre plassar det er betydeleg kaldare i distriktet vårt?
På langtidsvarelet er det i den komande 10-dagersperioden meldt om temperaturar mellom -3 og -8, så det blir jamnt kaldt om det ikkje blir nokon rekurdkulde. Det lønner seg iallfall å sjekke om det er slått på varme der det trengs, slik at ein unngår frostskadar på vassrører o.l.