I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.
I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.
Toppscoraren vart Kevin Anders Brusethaug med tilsaman 10 mål. Eirik Telstad, Marit Ingeborg Ansnes og Ola Bolme scora kvart sitt.
Neste, og siste kamp blir neste onsdag mot Surnadal 9 år på Syltøran.