Surnadal demensforening og helselag inviterte eldre til trivselstur til Valsøya. Eit trettitals deltakarar møtte opp på busshaldeplassen på Skei for å bli med på turen til Valsøya og besøk på Valsøytunet, der vi fekk traktert fiskesuppa med kaffe og krydderkake etterpå.

Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag var vertskap for turen. I bakgrunnen ser vi resepsjon og restaurantbygget – samt klatreparken oppå åsen bak. Foto Jon Olav Ørsal
For mange av deltakarane var nok dett årets ferieutflukt og var nok eit sosialt avbrekk i ein grå kvardag. Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag, fortalte at turen og trakteringa var støtta økonomisk av Nasjonalforeninga. Resten var eigenandel frå deltakarane.
Dei er ein god støttespelar som stiller med øyremerka midlar til mange aktivitetar som Surnadal demensforening og helselag driv, for at folk som har behov for sosial kontakt skal koma seg ut og treffe folk.

Magny Stand er dagleg leiar på Valsøytunen – ho fortalte historia til Valsøytunen som går attende til 80-talet. Foto Jon Olav Ørsal
Magny Strand som er dagleg leiar for Valsøytunet fortalte historia til Valsøytunet. Ho starta dette prosjektet så tidleg som på midten av 80-talet og har sia 90-talet bygd ut prosjektet og lagt stein på stein fram til i dag. Vi kan nemne nytt restaurantbygg, ny marina og klatreparken «Høyt & Lavt» som har kome dei siste åra – og som har gjeve Valsøytunet eit skikkeleg løft.
Etter maten var det mange som nytta høvet til å sjå seg rundt, både i klatreparken og i resten av anlegget, som også omfattar Valsøya retropark. På turen til bake til Surnadal var det stopp på Hendset, der det var høve til å stikke innom Vorpå sitt utsal på ferjekaia på Hendset.
Fleire bilder i bildegalleriet nedafor – alle foto Jon Olav Ørsal