Fredag kveld hadde elevane i 5.-7. klasse ved Todalen skule invitert sine jamnaldringar frå Stangvik skule til nyttårsball. Den raude løperen var rulla ut, skjortene nystrøkne, og gymsalen pynta til det ugjenkjennelege. Ungane hadde ordna det aller meste sjølv, fra planlegging, invitasjonar, innkjøp, kioskvakter og pynting av lokale.
Ungane kosa seg med leikar, dans og prating i tre korte timar. Med felles svømming dei siste åra på skulen i dei ulike klassetrinna og felles fotballag på fritida så var alle kjente med kvarandre fra før. Praten og leiken gjekk derfor lett i mellom dei vel 35 ungane som møtte opp.
FAU i Todalen stilte som støttespelarar i kiosken utover kvelden. Dei siste åra har todalingane vore invitert til Stangvik skule på tilsvarande arrangement, men ei veksling på dette kan nok kanskje berre være triveleg meinte årets arrangør.
Under eit bildegalleri med ein god del bilder fra ein vellykka kveld. Foto: Elinor, Kjetil og Gudmund.