Tysdag 31. mai står Surnadal demensforening og helselag som arrangør av årets hjertemarsj i Toåa tursti. Vi er litt forsinka i forhold til det nasjonalforeningens tidsrom for hjarteveka, men det har ikkje noko å seie, seier leiar i foreninga Liv Botten. Tysdag kveld er vi klare til å køyre i gang, og da blir det stor aktivitet i turstien, sier Botten.
Først og fremst blir det bakels og kaffe – sjølvsagt heilt gratis. I tillegg legg vi opp til mange aktivitetar i turstien – HjerteQuiz, Turbingo og utdeling av pins til deltakarane så langt lageret rekk.
Surnadal demensforening og helselag har rundt 150 medlemar frå heile kommunen. – No satsar vi på meir desentraliserte aktivitetar rundt omkring i kommunen, og difor arrangerer vi no hjartemarsj her i Todalen denne gongen, seier Botten , som saman med styret i foreninga var på inspeksjon i turstien forleden kveld. Foreninga er forresten ei samanslutning av Surnadal demensforening og Surnadal Helselag som gjekk saman til Surnadal demsnsforening og helselag i 2003.
Du kan lese meir om Surnadal demensforening og helselag på FB-sida til foreninga.
Her kan du lese og laste ned plakaten for årets Hjartemarsj som går i Toåa tursti tysdag 31. mai kl 18 – slik finn du fram til Toåa tursti