Aron Rodal Haugen, som representerer Trollheimen Fjellsportklubb, deltok laurdag i NM i motbakkeløp i Ulvik. I Kvasshovden Opp stilte Aron i klasse 16-17 år, og her vann han suverent med 7:49 framfor Emil Brattebø på andreplassen. Men ikkje nok med det, Aron hadde også betre tid enn vinnarane i klasse M 18-19 og klasse M 20-22, og dermed vart det NM-gull i klassen U-20 for 17-år gamle Aron.
Det var 170 deltakarar i konkurranseklassen i Kvasshovden Opp, reknar vi med mosjonklassen var det over 350 deltakarar som kjempa for å kome først til toppen på Kvasshovden (1030 moh.) Resultatlista fra NM kan leses på EQ-timing og på kondis.no.