Dei to frå Trollheimen Fjellsportklubb sikra dei to første plassane i 18-årsklassen i dagens konkurranse i ISMF Youth WorldCup individuell i Malino Brdo. Aron Rodal Haugen tok gull og Isak Drøpping sølv – i tillegg kom tromsøværingen Ivar Holen på 6-plass i same klasse.
I tillegg kom Elise Andersen frå Tromsø på 3.-plass i 20-årsklassen for damer. I dameklassen deltok i tillegg Ingrid Klokset og i herreklassen deltok Mats Gjethammer. Det er iallfall disse 6 som representer det norske ungdomslandslaget i randonee.
Foreløpig er resultata uoffisielle, og vi tek difor atterhald om resultata vi har fått på ei «skurrande telefonlinje» frå Slovakia, og oppdaterer etter kvart.