Aron var suveren i mål på Ræta Opp 2024. Med tida 10:41 forbedra han løyperekorden til Håvard Gjeldnes med 7 sekund. Håvard glimra med sitt fråvær i dag og dermed nytta Aron Rodal Haugen sjansen til å sette ny reekord. I dameklassen heldt Lisabeth Sæterbø stø kurs, og kom først i mål av damene på tida 13:13 – ho forbedra sin eigen løyperekord med 28 sekund.
På dei neste plassane i herreklassen kom Hermenn Bolsønes Svendsen på tida 11:58 og Emil Ansnes på tredjeplass på tida 12:31. I dameklassen kom Helen Thorsen på andreplass på tida 14:11 og Elise Einum på tredjeplass på tida 14:34.
Ræta Opp samla 55 deltakarar i dagens arrangement – i tillegg var det 96 deltakarar i Mini-Ræta, dermed kom det totale deltakartalet opp i 151, og det var faktisk 2 fleire enn arrangøren hadde startnummer til. Ræta Opp er eit 3 km langt løp som går etter veg og i terrenget, og har ein konkurranseklasse og ein trimklasse. Inntekta frå startkontingenten går til det nye nærmiljøanlegget som er under bygging på Bordholmen stadion.
Det nye nærmiljøanlegget er bygd med tanke på heilårsbruk, med is og skøyteaktivetar på vinters dag og fotballaktivitetar sommars dag. Annlegget som snart er ferdig bygd var i bruk i dagens fotballcup som saman med Ræta opp er ein del av fundamentet i Todalsdagen 2024.
Her finn du link til komplett resultatliste for Ræta Opp der du finn alle med tidtaking.
Link til EQtiming for meir detaljert resultatliste med mellomtider frå Ræta
Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå Ræta opp 2024 – alle foto Jon Olav Ørsal