Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aron fekk idrettsstipend

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2024

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt idrettsstipend til utøvarane Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb og Lovise Skarbøvik Andresen frå Dimna IL. Molde basketballklubb får årets klubbstipend. Alle stipenda er på 50.000 kroner kvar.

Aron er dyktig både på randonee og fjelløp
Aron Rodal Haugen er 17 år og er medlem i Trollheimen fjellsportklubb (Surnadal). Han konkurrerer og hevdar seg i både fjelløp og randonee. Aron vann norgescupen i randonee i 2024, og han vann to NM-gull i juniorklassa. Han tok bronse i seniorklassa i NM. Aron tok to sølv i VM i fjelløp for juniorar (U-16-klassa) i 2023, og ein bronse i blanda stafett i EM i randonee i 2024. Han er tatt ut til VM i fjelløp i Montenegro i sommar – her skal også Erik Kårvatn og Isak Drøpping frå same klubben delta.

Publisert: 5. juni 2024, 13:30