Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnestrøa på Årnes. Tjuesju stavgangarar møtte opp i det skikkeleg fine haustvêret.
Med sol frå skyfri himmel, parkering ordna av Svein Årnes, så låg alt til rette for ein kjempefin stavgangtur på Årnes, noko det også vart!
– Stor takk til Svein Årnes, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Neste torsdag avsluttar Stavgangarane sesongen på Vang skisenter!