Turgruppa i Gamle Stangvik kommune og Stangvik historielag inviterte til Årnesdag første laurdagen i september. Sol frå skyfri himmel og vindstille – veret kunne ikkje ha vore betre da Svein Aarnes ønskte vel møtt til den tolvte Årnesdagen på tunet i Jørristuå.
Svein fortalde først om Årnes. Folk busette seg her for mange hundre år sidan. I dag er det fem gardar: Austigard, Jørristuå, Utigard, Gudbrandsstuå og Randistuå. Husa låg frå starten av tett i klyngetun.
I åsane rundt Årnes er det kalkårer, og i 1915 vart kalkstein og gruve seld til Elctric Funace Product Co. Lim som starta produksjonen i 1924. Det var stor aktivitet og mange tilsette både i byggeperioden og seinare med gruvedrifta.
Årnestrøinn
Frå Jørristuå gjekk turen oppover lia til Årnestrøinn – ein fin plass med ei interessant historie. John Patric Chaworth Musters starta bygginga her i 1888. Han og kona Mary Ann budde i Trøinn dei første fem åra, og dei tre eldste barna var fødde her. Ekteparet fekk i alt elleve barn. Seinare vart Trøinn sommarbustad. John var ivrig jeger og sportsfiskar. John Musters med familie reiste heim til Storbritannia i 1914 da første verdskrigen braut ut. Dei kom aldri att.
Yngste sonen til John og Mary Ann, James, var kapteinlyøtnant og tala godt norsk. Han var på militært oppdrag i Bergen da andre verdskrigen braut ut. Han greidde å rømme heim att til Storbritannia og var mellom anna med å opprette kompani Linge.
Familien Tesaker frå Trondheim kjøpte Trøin i 1992. Dei er svært interesserte i historia til garden og Mustersfolket og held plassen godt vedlike. Anne og Bård Tesaker inviterte turfølget inn i det ærverdige huset og serverte både saft, kaffe og kaker på tunet. Bård hadde mykje interessant å fortelje om Mustersfamilien og Trøinn!
Samling i Grendahuset
Vel nede att ved Grendahuset vart det program og servering. Her var det kjøle mykje godt – nydelege kaker og riktig god graut og bakels. Svein Aarnes orienterte om arbeidet med å sette opp namneskilt i Flesa. Han retta stor takke for støtte til arbeidet frå Sunndal sparebank – heile 35 000 kroner!
Gunn Signe Aarnes og Svein Aarnes hadde både eit artig og interessant innslag med muntre historier frå Årnes og minne frå barndom og ungdom. Dette kan vi lese meir om i årsskriftet til Stangvik historielag som kjem før jul.
Bernt Bøe heldt eit interessant og humoristisk kåseri; folk i salen lo, humra og kosa seg. «Visst bruker du Bibelen meir enn du er klar over» var påstanden til Bernt Bøe. Mange ord og uttrykk vi bruker i daglegtale har opphav frå Bibelen: «Hovmod står for fall». «Tale er sølv, men tausheit er gull!» «Ein retteleleg laban» viser til Laban som lurte Jakob til å gifte seg med Leah før han fekk Rakel. «I ditt ansikts sved, skal du ete ditt brød» vart av ein elev tolka slik: «Du skal eta så sveitten renn!»
Bernt kom vidare inn på salmesongen under gudstenestene i tidelgare tider. Det let ikkje alltid vakkert – det kunne vere «overordentlig dårlig sang»!
Til sist var det loddsalg med riktig mange og fine gevinstar før Svein Aarnes takka gode hjelparar og delte ut blomster: Bjarne Røen for arbeidet med å lage namneskilt, Randi og Bernt Bøe for stor velvilje og kåseri, vertsskapet på Trøå og Gunn Signe Aarnes for å vere den gode hjelparen.
Dagen vart i god skuletradisjon avslutta med «Fager kveldssol smiler».
Fleire bilete: