Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årnesdagen 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. august 2023

Turgruppa i Gamle Stangvik, i samarbeid med Stangvik Historielag, inviterer laurdag 2. september klokka 11:00 til den tradisjonelle «Årnesdagen».

Opplegget blir som tidlegare år, først ein kort runde i deler av turløype-nettet, og så samling i grendahuset, der det blir servering av kaffe med mykje godt attåt. Litt underhalding og utlodning blir det også.

Årnes grendahus. Foto: Stangvik Grendalag

Arrangørane satsar på oppmøte ved Jørristufjøset klokka 11:00, der det er god plass for parkering. Om det er nokon som ikkje vil bli med på turen, kan dei gå inn i grendahuset og vente der til «turgjengen» kjem att

Arrangørane håper på «godt og lagleg vêr», og at mange tek turen til Årnes denne laurdagen.

 

Turgruppa i Gamle Stangvik og Stangvik Historielag ønsker vel møtt! til Årnesdagen 2023!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 25. august 2023, 08:00 - Sist oppdatert: 24. august 2023, 21:06