Laurdag den 27. august inviterer Turgruppa i Gamle Stangvik, med støtte frå Stangvik Historielag, «Årnesdagen». Oppmøte klokka 11:00. Det er mogleg å parkere ved Jørristu-fjøset eller ved grendahuset på Årnes. Dagen startar med ein kort tur opp til Musters-husa (Trøinn).
Etterpå blir det samling i grendahuset med matservering og litt underhalding, der mellom anna Torbjørn Brøske og Grete Oddny Moen Aarnes vil delta. Det blir og utlodning.
Arrangørane ønsker alle vel møtt til «Årnesdagen» – med litt trim og sosialt samvær!