Eg meiner at dette er det beste produktet vi har laga ever, seier Håkon Solem, som er sekretær og marknadsansvarleg for revyen ARMODgeddon. Revyen skal ha premiere 31. oktober, og neste førestilling er laurdag 2. november.
Vi føler at vi har god kontroll, og er stolte av at dei to førestillingane har selt over 400 billettar alt no – på premieren torsdag 31. oktober er det i skrivande stund ledig knapt 140 billettar, medan førestillinga på laurdag 2. november har rundt 60 billettar ledig. Dette vil nok gå unna fort, når premieren nærmar seg, trur Solem.
I år er det 22 aktørar på scena – både nye og gamle fjes i alderen 13 til 80 år – mellom anna gjer Ingebrigt Røen «comeback» på scena etter fleire års fråvær. Vi føler i det heiletatt at vi no er godt i siget med revyarbeidet i Svarrabærje teaterlag. – Vi har også forsterka revyleiinga med Siv Smestad frå Sunndalsøra – ho er til dagleg dramalærar ved Sunndal kulturskule og vi trur ho har mykje å bidra med i revymiljøet vårt.
Det siste året har det skjedd mykje, så det står ikkje på idear til stoff – vi har på eit tidleg tidspunkt fått på plass ein raud tråd gjennom programmet og har den siste tida kunna tilpassa nye og aktuelle innslag som vi vil finpusse heilt fram til premieren, som altså skjer den siste dagen i oktober. Følg linken her til kulturhusets billettluke, medan det enno er ledige billettar.