I går og i dag har det pågått arkeologiske utgravingar i Hallagrenda. På ekra nedafor Pilskaret – ikkje langt unna skulen – vart det gjort funn under utgraving av tomt til redskapshus. Det er først og fremst funn av 5 bålgroper som har vekt interesse, men det er også eit par steinrøyser er litt spesielle, fortel arkeologane Einar Kristensen og Susanne Busengdal som representerer fylkesarkeologen. Er det «urhallingen» dei er på sporet av?
Dei to har iallfall gjort nokre funn – mellom anna 4 bålgroper – som dei har samla inn prøvar frå, og skal no ta med seg dette for å sjekke innhald og prøve å datere materialet. Da først kan dei seie om dette er eit viktig funn og kva staden eventuelt har vore bruka til.
Funna blir no registrert i basen til Riksantikvaren, med nøyaktige data for funnstad og kva som er funne – og alder på funna. Problem med GPS’en gjorde det litt tungvint for dei to som da måtte bruke gammelmetoden med målband og manuelle registreringar av posisjonen.
Fylkesarkeologen finn melding om funna på måndag da dei var grave fram. Dei rykte ut strak, slik at byggeprosessen ikkje skulle bli forsinka. Og for den som trur at byggherren må betale slike undersøkingar, så kan Einar Kristensen fortelje at dette er det fylkesmannen som betaler.
Så venter vi i spenning da, til funna er datert, og svar på kva som er funne?