Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen. Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no. Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking.
Dersom det blir gjort funn i denne prosessen vil det bli sett i gang eit større prosjekt og ei meir grundig undersøking. Området har i grunnet ei rett plassering, og det vil forundre oss om det ikkje blir gjort fleire funn etter kvar, seier arkeolog Einar Kristensen, som er feltleiar for prosjektet. -Vår oppgåve er å avdekke om det er noko som kjem i konflikt med det planlagte vegprosjektet så tidleg som muleg i prosessen. Det blir mellom anna teke ut dateingsprøva og pollenprøvar for å datere og dokumentere historisk aktivitet.
Det første området dei no held på og undersøker ligg rett øst for arboretet og ovafor våningshuset i Svinvika. I neste omgang skal det gjerast tilvarande undersøking utover mot nesset der det er planlagt at brua kjem i land. Som sagt er heile området med prosjektområdet, der det skal gjerast undersøkingar. Forundersøkinga vi gjer no vil gjøre det mulig å avgrense området der det skal gjerast meir grundige undersøkingar.