Todalen sanitetsforening har årleg eit kunstlotteri som dei sel loddar på frå februar til desember. Kunstnarane har stort sett så langt hatt lokal tilknytning, Årets valgte kunstnar er Marit Bergem, som er født og oppvakse på Sunndalsøra med slekt i Todalen. Ho er no busett i Sandefjord med sitt eige galleri der; Galleri M
Nokre av sanitetsdamene stilte derfor i går kveld opp på åpning av Bergem si kunstutstilling på Galleri Barbara på Sunndal kulturhus, kor ho fram til 28. oktober har salgsutstillinga si hengande.

Navnet på bildet som er til utlodding hos Todalen sanitetsforening er «Bærekraftig».

Les meir om utstillinga på Driva.no(+): Det er alltid spennende å vise fram bildene sine. Man føler seg litt avkledd.