Det vart riktig godt oppmøte på sesongens siste Fredrikkekaffe, blide damer og god stemning. Ei riktig så triveleg stund med handarbeid, kaffe, kaker og livleg prat!
I 2019 har Sanitetsforeninga arrangert Fredrikkekaffe 11 laurdagar, og alle gongene har det vore stort oppmøte. Det viser at folk set pris på uformelle møteplassar med rom for god prat og fellesskap. Strikkekaffien er altså ein fin aktivitet i Sanitetsforeninga og i tråd med programmet til NKS om å skape inkluderande møteplassar og omtanke i nærmiljøet. Arndis og Helen er ansvarlege for dette fine tiltaket i Todalen Sanitetsforening.
Dagens vertinner var Randi og Arndis, og dei stilte med riktig gode kaffebrød; sjokoladekake, kanelsnurrar og kjeks! Det var også utlodding; mange gevinstar og retteleg basarstemning.
Da er det berre å glede seg til 2020 – da blir det ny laurdagar med Fredrikkekaffe!
Fleire bilete frå ei godt ettermiddagstreff: