Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.
Det var godt oppmøte. Jorunn Husby og May-Elisabeth Holten var vertinner, og dei serverte riktige gode kaker til kaffien.
Dei fleste var svært så flittige med bundingen; – det er snart jul og da vil heimestrikk vere gode julegåver. Men det kan vere litt komplisert med innvikla mønster og samtidig halde praten i gang. Litt feilretting med oppattrekking vart registrert.
Helen Saksen og Arndis Søyset er ansvarlege for Fredrikkekaffeen i Sanitetsforeninga, og dei skal ha stor ros for å drifte dette sosiale og gode tilbodet. I alt har det vore arrangert Fredrikkekaffe ti laurdagsettermiddagar i 2023.