Fredag 15. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til årets siste bakeriutsal. Dette markerer dei, i år som i fjor, med ein liten konkurranse. Bestiller du varer i kommentarfeltet på Lia gard si Facebook side, er du med i trekninga av ei julekorg med mykje god julebakst!
Dei har også juletilbod på konfektkaker denne dagen og sel dei for 195,- kroner pr. stk.
På årets siste bakeriutsal kan du i tillegg få kjøpt:
Ferske skulebollar
Ferske tjukklefser
Ferske smultringar (10 eller 20 pakningar)
Ferske tynnlefser (dersom det blir nok bestillingar, elles har dei frosne)
Ferske fyrstekaker (18 cm.)
Ferske grovbrød
Nystekte havrekjeks
Frosne donuts (2 pakningar)
Frosne eplekaker (18 cm.)
Frosne konfektkaker (18 cm.) PÅ TILBoD
Frosne suksessterter (18 cm.)
Førehandsbestilling innan onsdag 13. november klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!