«Tenkje sjøl?!», ja, det er namnet på årets russerevy i Surnadal, der Edel Therese M. Karlsen og Van Adrian Hadraque Ansnes representerer Todalen i årets russekull. Båe to er med på Scena under årets russerevy, som hadde premiere i Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag kveld. Nordvikgardingen Synnøve Nordvik, saman med Ida Mo og Elida Sofie Fiske, utgjorde leiarteamet for årets russerevy.
Og la det vere sagt med ein gong. Russen har tenkt sjølv og laga ein høgaktuell russerevy på høgt nivå, med mykje fin song og musikk, dans og sketsjar. Mange av skjetsjane tok utgangspunkt i nyheitsbildet lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Regisør Svanhild Husby har saman med russen lagt ned mange timar med øvingar før torsdagens premiere, og resultatet vart veldig bra, der alt, i alle fall sett frå tribuneplass, såg ut til å gå hundre prosent på skinner utan eit einaste «feiltrinn».
Vi fekk også sjå lokalt tilpassa parodiar på kjente TV-program som X-Factor og Luksusfellen. Som vi tidlegre har skrive, så var det fleire song og danseinnslag i russerevyen, der songane hadde ei fin blanding mellom skjemt og alvor, akkompagnert av årets revyband, som består av Ingebrigt K. Bergli (Todalen), Sigve Holten, Daniel Løseth, Johanne Holten og Per Olav Bredesen.

Dans. Foto: B G Ansnes
Ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen, takka etter framsyninga russen for ein god og aktuell revy. Han overrekte russen ein gåvesjekk på tre tusen kroner frå Surnadal kommune.
Så vil ein sjå årets rysserevy, så er det framleis nokre ledige billettar att både fredag og laurdag.
Billetter fredag 7. mars klokka 19:00
Billetter laurdag 8. mars klokka 18:00