Så er saulamminga igang! Det første lammet kom i dag tidleg i Viastua, der Gudmund kvendset var på plass for å ta i mot. Førstefødte var til alt overmål eit svart bekkerlam med kvit pannelugg. I Viastua har dei 30 lamsauer i år, og ventar at mellom 60 og 70 lam skal kome til verda i løpet av 2-3 veker. Det starta forsiktig med eit lam i dag tidleg og eit til kom seinare på dagen.

Todalen.no var innom får å sjå og ta bilde av dei første lamma, og da var dei alt i fin form og klare til å ta i mot besøk frå den digitale nettpressa