Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets konfirmantar blir siste kullet for Torbjørn

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mai 2024

Det vart ei triveleg stund i kyrkja, da vikarprest Torbjørn Brøske sørga for å «gje presthanda» til dei 5 konfirmantane i Todalen kyrkje sist laurdag.  Det er ei tid for alt sa Torbjørn, men dette er definitivt det siste konfirmantkullet for min del.

Torbjørn avslørte at dei har hatt mange trivelege stunder i lag i samband med førebuingane til årets konfirmasjon, og konfirmantane fekk mykje ros for si aktive deltaking. – Sjølv om dette er ein slags avskjedsdag, så føler eg meg trygg på at disse konfirmantane kjem att til kyrkja, sa Torbjørn i sin takketale til konfirmantane.   Dei fekk forresten kvar si salmebok frå soknerådet, som eit minne.

Torbjørn takka for ei fin tid saman med konfirmantane og ga dei mykje ros. Med soknerådet fekk dei kvar si salmebok og kvar si rose. Vi i Todalen.no gratulerer konfirmantane med konfirmasjonsdagen.   Foto Jon Olav Ørsal

I dagens preike var det sjølvsagt Kristi Himmelfart som var gjennomgangstema, og  den var basert på sluttversa i Lukasevangeliet.

Neste gudsteneste er 17. mai kl. 14:00 i samband med feiringa av grunnlovsdagen i Todalen.  Dagens takkoffer gjekk til ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. 

Markus Bolme tek i mot si salmebok frå leiar i soknerådet, Borghild Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Nicole Gunnvor Pereira Nordvik «får presthanda» som konfirmant. Foto Jon Olav Ørsal

Todalen kyrkje var nærast fylt til siste plass under dagens konfirmasjonsgudsteneste. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. mai 2024, 12:56