Sidan vêret i dag har vist seg frå sin vrede side, tok vi oss ein tur til Sanitetshuset kor eit titalls damer samla til årets første strikkekafé. Strikkekaféen arrangeres normalt ein laurdag kvar månad med sosialt samvær, kaffe og handarbeid.
Utsendte representant frå Todalen.no fikk påspandert kaffe og kaker, og fekk høyra at mange var ivrige Todalen.no-lesarar. Praten går lett, og strikkekaféen skal først og fremst vera ein sosial samlingsplass. Følg med å aktivitetskalenderen, så ser du neste gong det arrangeres.